Norske på Mastodon, sett frå følgjarane mine
Eg gjekk gjennom alle som følgjer @markus@skvip.lol, alle som følgjer dei, og så vidare ut både gjennom kven folk følgjer og kven som følgjer dei, og sjekka kven som skriv på norsk. Kartet er anonymisert: du ser server, aktivitet og språk, men ikkje kven som er kven.
- norske kontoar
- 2 074
- serverar
- 153
- skreiv noko siste månad
- 444
- på snabelen.no
- 42 %
Fekk ikkje lasta kartet. Tabellane under viser dei same tala.
Kartet
- éin konto
- snabelen.no 880
- oslo.town 213
- mastodon.social 309
- Andre serverar 672
Dra for å flytte, rull eller knip for å zoome, og hald over ein prikk for å sjå kva han er. Den svarte prikken er meg, @markus@skvip.lol. Store prikkar har mange norske følgjarar, men det er berre målt for dei som følgjer meg.
Eitt samanvove nettverk
Med berre følgjarane fann eg to eller tre grupper som heng tett saman. Då eg òg tok med kven folk følgjer, blei nettverket så tett at gruppene forsvann: Louvain køyrd 60 gongar fann nye grupper kvar gong, og ingen heldt. Difor er prikkane farga etter server. Det som held, er at snabelen.no-kontoane ligg nær kvarandre, og at dei er mindre aktive enn resten.
Kor mange er aktive?
Datoen for siste innlegg, henta 23. oktober 2026.
- over to år
- 1 062
- utan dato
- 27
Forklaring
Over to år: siste innlegg er over to år gammalt. Utan dato: serveren oppgjev ingen dato. Ingen av dei er med i tabellen.
| Siste innlegg | Kontoar | Del |
|---|---|---|
| Siste veke | 313 | 15 % |
| Siste månad | 444 | 21 % |
| Siste tre månadar | 555 | 27 % |
| Siste halvår | 633 | 31 % |
| Siste år | 765 | 37 % |
| Siste to år | 985 | 47 % |
Kvar er dei?
Dei tre største serverane, og resten samla. Små serverar er slått saman så ingen kan peikast ut av kva server dei er på.
| Server | Kontoar | Del |
|---|---|---|
| snabelen.no | 880 | 42 % |
| oslo.town | 213 | 10 % |
| mastodon.social | 309 | 15 % |
| Andre serverar | 672 | 32 % |
Korleis kartet er laga
Programmet les dei 40 siste innlegga og ser på språkmerket. Ein konto tel som norsk når minst tre innlegg er merka nb, nn eller no, eller når norsk er eitt av høgst tre språk kontoen skriv på. I tillegg må kontoen følgje eller bli følgd av meg eller av ein annan konto i kartet. Det handlar om språk, ikkje nasjonalitet.
Regelen kom etter at eit større søk fann nesten 3 900 «norske» kontoar, der dei fleste hadde eitt einaste innlegg merka norsk blant mange andre språk. Det er språkmerke som er gjetta feil, ikkje nordmenn. Med regelen fall 33 av dei 1 804 eg hadde før, og 303 nye kom til.
Mellom alle går 78 603 følgjer.
- 168følgjer meg
- 1 314følgjer ein av dei
- 289eitt steg til ut
Forklaring
Funne blant følgjarane til dei i steg to som hadde skrive noko siste året.
- 303funne gjennom kven norske kontoar følgjer
Alt er henta gjennom det opne Mastodon-API-et utan innlogging. Kontoar med #nobot eller #noindex i profilen er ikkje med. GoToSocial, vanleg Misskey og serverar som krev innlogging fell ut. Norske grupper som ikkje heng saman med meg, er heller ikkje med, så kartet viser mitt hjørne av Mastodon, ikkje heile det norske Mastodon.
Meir om prosjektet står på markus.plus.